Vilkår for sponsing og påmelding
Gjeld holsponsing, generell sponsing, turneringspåmelding og CTP/Ace-pott hos Kvam Frisbeegolf.
Seljar
Kvam Frisbeegolf, org.nr. 931 761 927, Norheimsvegen 185, 5600 Norheimsund. Kontakt: kontakt@kvamfrisbeegolf.no · 473 07 424.
Holsponsing
Holsponsoravtalen kostar 5000 kr per år og faktureras av klubben. Avtalen gjeld for heile avtaleperioden — sponsoren kan ikkje seie opp avtalen eller krevje refusjon midt i perioden, med mindre det ligg føre ekstraordinære forhold. Fornying for ny periode må avtalast på nytt før inneverande periode går ut.
Generell sponsing
Generell sponsing faktureras av klubben og er ei eingongsstønad. Beløpet er ikkje refunderbart etter at betaling er motteken.
Turneringspåmelding
Påmelding til Kvam Open og andre turneringar i regi av Kvam Frisbeegolf betalast via PayPal ved påmelding. Fristar for avbestilling og refusjon, samt informasjon om kva som skjer ved eventuell avlysing, er oppgitt på den enkelte turneringa si eiga side.
CTP- og Ace-pott
Innbetaling til CTP- (Closest to Pin) og Ace-pott i samband med turneringar skjer via Vipps, gjennom ein tredjeparts-app med Vipps-integrasjon. Innbetalinga er frivillig og refunderast ikkje, men betalast ut att i sin heilskap til den/dei deltakarane som vinn potten.
Spørsmål
Har du spørsmål om desse vilkåra, ta kontakt på kontakt@kvamfrisbeegolf.no.
Kvam